For best user experience, please use Google Chrome.


← Back
“Vé no velkomne med æra”

About “Vé no velkomne med æra”

Kjære songar.
«Vé no velkomne med æra» har vore brukt i mange store høgtidlege samkomer, heilt frå den tide den
var Tveitefolket sin eigen høgst private velkomstsong som berre vart sunge nokre få gonger å året
når dei tre Tveitegrannane var forsamla rundt langbordet i vår eiga Gamlastova. (Den gjekk med då
gardshuset og heimen vår brann ned til grunnen i 1970.)

Etter at far min med age tok fat i den enkle tonen og løfta den vidare opp på podiet med sin eigen
fargerike orkesterpallett, har den vore framførd utallege stader med ulike orkestre - Den har vore
spelt under fleire Nobelprisutdelingar - utallege symfonikonsertar - 17mai-konsertar landet rundt -
mangfoldige CD-innspelingar - og eg opna LOOC sin orkesterserie med den på Lillehammar 1994.

Stor stas var det ogso då den var ynskt til Kong Harald sin 70-års dag og Håkon Berge ryngde og
spurde om han kunne få lov å laga kor-arrangementet som skulle brukast som velkomst i høve den
kongelege feiringa på Akershus Slott 21 februar 2007. Dette korarrangementet du no held i hendene
er meir utbygd enn den opprinnlege tonen.

Framleis, sjølv om «Velkomne med æra» har vorte ei kjær folkeeiga og spelt og sunge rundt store
delar i verda, anser me i familien denne songen som vår «heilt private», so ta fram høgtida i deg;
sjå for deg dei gamle tømmerveggane og eit storslagent utsyn ut over Hardangerfjorden, kor denne
songen høyrer heima og har sine røter…
Gyri Tveitt